Fiske i Stordalsvatnet                 

            

Stordalsvatnet er rikt på fisk. Artane ein finn i vatnet er aure, røye, trepigga stingsild, ål og anadrom fisk som laks og sjøaure.

Stordalsvatnet har, grunna kalkhaldige fjellmassar i kringliggande område, alltid hatt ein bra ph-verdi i høve fisk og byttedyr. Dette har ført til at det meir eller mindre alltid har vore bra med fisk i vatnet. Gytinga har vore stor og mengda av aure og røye har tidvis vore for stor.

På slutten av 1980-talet og byrjinga av 1990-talet vart det drive med utfisking av røye i relativt stor målestokk. Ein veit vel ikkje kor mykje fisk som vart teken opp kvart år, men med ei anbefaling på kring 5-tonn biomasse i høve til optimal forvaltning, var det litt å gå på.

Resultata lot kanskje vente på seg, og mange meinte det ikkje såg ut til å ha hatt nokon effekt. Tidleg på 2000-talet vart det så rapportert om fine fangstar av røye av bra kvalitet, og dette må me sei har halde seg fram til i dag. Spesielt ved garnfiske får ein mykje fin røye, men det er fullt mogeleg å få denne på stang også, berre ein nyttar rett teknikk.

Røya ein får på garn (der maksimal tillaten maskevidde er 22-omfar), ligg mykje frå 300-500 gram, men fisk på 6-700 gram er heilt vanleg. Kvaliteten på røya er varierande, men ein stor andel av fisken held veldig bra kvalitet og er raud og fin i kjøtet.

Auren i vatnet er og av brukbar kvalitet. Ved normalt fiske frå land, ligg fisken mykje rundt 250 gram, men kjem ein seg ut i båt og fiskar litt meir spesifikt etter større fisk, er det vanleg å få fisk rundt 500 gram. Stordalsvatnet har eiga storaurestamme, og den husar fisk på mange kilo. I 2014 vart det teken brunaure (eller "vassaure" som det heiter her) på garn på 8,5 kg. Me er rimeleg visse på at større fisk er å finne, om ein er heldig. Skal ein få desse på stang, er nok dorging eller "trolling" som det heiter sikraste metode.

Del denne siden med andre!

Share on FacebookShare on Twitter