Aure                                                                            

Stordalsvatnet har ein stor bestand av aure, for stor vil nok mange seie. Hadde bestanden vore mindre, ville nok snittvekta vore betydeleg større, men det finnes stor og fin aure i vatnet, og den er råd å få på stong!

Normalt vil ein få fisk på 200-300 gram om ein fiskar frå land rundt vatnet. Større fisk slumpar ein nok til å fange rett som det er, men dette vil vera det du kan forvente. Kvaliteten er jamt over bra, med blank og fin fisk som ofte kan forvekslast med sjøaure (som jo er same fisken, berre den er anadrom). Botntilhøva gjer "eksteriøret" på fisken, og den tilpassar seg fort dette. I enkelte delar av vatnet er den brun og gul under buken, andre stader er den berre svakt gyllen, og nerast blank.

Kvaliteten på fisken varierer også mykje. Ein får fisk som er full i "måsemakk" og ein får trinn og fin fisk som er ilraud i kjøtet. Smaken er ikkje langt unna fisk ein finn i høgfjellet, men kanskje det manglar litt.......

Storauren er kongen i vatnet. Den jagar bort langt større laks i gytesesongen, om dei skulle finna på å treffast på same grunna, og dei beitar på all fisk som er liten nok til å bli slukt. Stort sett er det røya som endar sine dagar i storauremagen, men den tek nok aure i passande storleik også om høvet byr seg. Storauren er nok vanskeleg å lura frå land, men ved båtfiske vil ein ha brukbare sjansar for å få nærkontakt med denne fantastiske skapningen.

Trolling

Ved dorgefiske/trolling, er det ein fordel å få agnet ned til fisken. Ved bruk av djup-dorg (down rigger) kan ein sjølv bestemme kor djupt ein skal fiske. Ekkolodd er også ein fordel, ikkje minst med tanke på å unngå å køyre seg bort i steinar og grunner som det finnes ein del av i Stordalsvatnet.

Kveldane er nok aller best for trollingfiske. Me ser at det beste "betet" er akkurat når det byrjar bli mørkt. Etter at det er veldig mørkt får me sjeldan dei store fangstane, men folk seier at om ein då held det gåande ei stund, så tek bettet seg opp att.

Juni er favorittmånad for slikt fiske, men det bør vere råd å treffe storauren i mai, om veret er bra, samt at flaum utover sommaren ofte set fart på fisken. Då er storauren på jakt etter anna fisk som er på jakt etter mat i overflata og utafor elv- og bekkeosar (hugs 100 meters grensa).

Av slukar/agn, så er store wobblerar (Tomic, Rappala, Bomber) med typiske røyefargar det beste.


 


 


Share on FacebookShare on Twitter