Røye (kalla "røyr" blandt dei innfødde).          


Røya er talrik i Stordalsvatnet. Ho trives godt i det relativt kalde vatnet, og vil alltid kunna søkja seg djupt om vasstemperaturen skulle finna på å stiga over trivselsgradene. Dette må ein tenkje på når ein skal fiske etter røya.

På vintestid, om ein skulle vera heldig og finna trygg is på vatnet, så er det rimeleg god sjanse forå få fine fangstar ved isfiske. Røya ligg stort sett rundt 250-350 gram, men det hender ein slumpar bort i fisk rundt halvkiloen. Større fsk finnes også, men dei får ein skjeldan på stang ser det ut for.


Maggot og røyeblink er tingen på slikt fiske. Kanskje "Gulp" (kunstig agn) fiskar like godt, testfiske kan tyde på dette. Stordalsvaatnet er djupt, så ein må stort sett ned på 20-40 meter for å finne røya om vinteren. Gode stader er det ein kjenner til som gytestader om hausten. Her held røya seg ei tid etter gyting, samt at anna fisk tiltrekkes av rogna som dei beitar på.


Om våren og sommaren kan det vere fint å drive "isfiske frå båt". Då driv ein rundt på det ein reknar med vil vera gode røyestader, og så fiskar ein med blink og maggot/gulp på same måte som på vinteren. Dette gir fine fangstar, og fisken er ofte i topp kondisjon.


 



Share on FacebookShare on Twitter